Sunnylven tapte for Blindheim

Situasjonsbilde frå fyrste omgang mellom Sunnylven og Blindheim. I andre omgang sette gjestane inn ny keeper som berga sigeren.

Det opna godt for gode og kvikke gutar på G13-laget til Sunnylven mot Blindheim på Hellesylt stadion torsdag kveld.

Med skåringar av Sverre Martin Røyrhus og Thomas Hole leia heimelaget 2-0 før halve omgangen var spela. Men så vakna Blindheim og ein litt uheldig burvaktar og nølande forsvarsspel enda med to skåringar for Blindheim. Uavgjort ved pause var eit greitt resultat etter spel og sjansar.

I starten av andre omgang var Blindheim gode, og om lag halvvegs fekk dei ny skåring og det stod 3-2 til gjestane. Det vart også sluttresultatet.

Gutane på Sunnylven spelar i haust 9er fotball, mot 7er som dei har spela tidlegare. Det var stor innsats gjennom heile kampen mot Blindheim, dei viste mykje bra spel og på slutten var dei nær utlikning fleire gonger. Men dei tapte mot eit godt lag med ein stor og god keeper, og for eit lag med ein svært engsjert trenar som mana sine spelarar til heilhjarta innsats, heilt til gode domar Odd-Even Svindseth, FK Sykkylven bles av for full tid.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380