LokalnyttLokalsport

Suverent NM gull i skogsløp med skyting.

Her stormar junioren Kristian Andre Frøysadal Hauge inn til gull i skogsløp med skyting

Kristian Frøysadal Hauge, Sunnylven skyttarlag tok gull i årets NM  skogsløp med skyting for junior på Landsskyttarstemnet i Stjørdal. Trygve Aaland Tryggestad frå same skyttarlag tok sølv i senior.

På Landsskyttarstemnet: Rune Tryggestad.

Ei blytung løype med mykje myr vart ei kraftprøve for løparane. Sølvvinnar Jens Henrik Hegg frå Hegg Skyttarlag låg i tet i ein og ein halv runde med Kristian på hjul.  PÅ andre runde og på løypas høgste punkt sette Kristian inn støtet, og derifrå og inn til mål var han i ei klasse for seg. Han vann med 8 sekund føre Hegg som igjen var 3 sekund før bronsevinnar Matias Flikka frå Flikka Skyttarlag i mål.

NM sølv til Trygve Aaland Tryggestad i senior.

Suveren vinnar i seniorklassa vart Ole Martin Erdal frå Førde Skyttarlag, med Trygve Aaland Tryggestad på ein flott sølvplass. Erdal vann med 1 min og 53 sek.  Bronsemedalja  gjekk til Bent Ivar Sether frå Hov Skyttarlag . Han var 1.53 min. etter Tryggestad i mål.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380