Lokalnytt

Tilrår oppstart av planarbeid for Basecamp Hotel.

Utsikta frå opphaldsrom i Basecamp Hotel blir av det unike slaget.

Stranda kommune og selskapet bak nytt hotell på Hellesylt har halde oppstartmøte for planarbeidet i samband med bygging av Basecamp Hotel.

Med bakgrunn i oppstartmøte 9. august er det lagt fram ei saksutgreiing til møte i Utval for plansaker 23. august for planarbeid med tanke på nytt hotell på Hellesylt.

Her heiter det at hovudformålet med planarbeidet er å legge til rette for; Bygging av eit nytt hotell på Hellesylt, sjå på moglegheit for flytting av dagens ferjekai, og sjå på moglegheit for utnytting av spillvarme frå eit eventuelt hydrogenanlegg.

Planarbeidet ligg innafor reguleringsplan for Hellesylt sentrum. Primært ønskjer ein gjennom planen å få avklara eit nytt hotellbygg på Hellesylt der dagens Grand Hotell ligg i dag. Flytting av ferjekaia er ikkje avgjerande for hotellprosjektet.

I føresegnene til reguleringsplan for Hellesylt er det teke med at Grand Hotell skal takast vare på og vere eit hovudelement i framtidig hotellutbygging. Basecamp Hotel AS ønskjer eit nytt og berrsynt hotell som påkallar merksemd. Arkitektfirma Snøhetta har utarbeidd eit utkast til nytt hotell der gamle Grand Hotell må rivast.

Hotellplanane har vekt stort engasjement lokalt på Hellesylt. For nokre vil riving av Grand Hotell vere kontroversielt. Bygging av nytt hotell vil kunne bidra med heilårs arbeidsplassar og auka aktivitet for lokalsamfunnet. Det vil også kunne bidra til ytterlegare styrking av Stranda kommune og regionen som ein turistdestinasjon.

Stranda kommune tilrår oppstart av arbeid med detaljregulering for Basecamp Hotel Hellesylt, heiter det i saksutgreiinga.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380