To samlagsmeistrar på heimebane

To samlagsmeistrar på bane frå Sunnylven skyttarlag, Kirsti Frøysadal Hauge og Ola Vangen. (Foto: Privat)

Sunnylven skyttarlag fekk to samlagsmeistrar under Sunnmøre skyttarsamlag sitt banestemne i Hyttehola søndag.

Kirsti Frøysadal Hauge og Ola Vangen gjekk heilt til topps på heimebane søndag. Samlagsmeisterskapen i baneskyting vart arrangert i Hyttehola og med Sunnylven skyttarlag som dyktig arrangør. Laget hausta mykje ros frå deltakarane for gjennomføringa. Og arrangørlaget gjorde det skarpt også i konkurransen.

Kirsti Frøysadal Hauge skaut seg til topps og meistertittel i klasse 1. Det vart anvist 242 poeng av 250 moglege. Eit sterkt resultat.

På heimebane var også Ola Vangen treffsikker og sikra seg tittelen samlagsmeister i klasse 3-5 med 246 poeng under innleiande skyting, og 344 etter meisteromgangen. Også det eit sterkt resultat av leiaren i Sunnylven skyttarlag.

Også andre frå arrangørlaget markerte seg under banestemne. Trygve Aaland Tryggestad kom på 3. plass med 239 og 338 poeng. Ivar Fivelstad vart nr. 8, 242/335 p. Nr. 10 vart Dag Andre Hauge 236 p. nr. 11. Kjell Oddvar Frøysa også 236 p. Magne Riise kom på 19. plass med 224 p.

Sterk skyting også av dei unge i arrangørlaget. 2. plass til Isak Frøysadal Hauge i klasse eldre rekrutt med fullt hus 350 p. I rekrutt vart Ørjan Frøysadal Hauge nr. 4. med 332 p.

I veteran 73. skaut Oddmund Fivelstad til 3. plass med sterke 347 p. I stang og felthurtigheit var Trygve Aaland Tryggestad best av seniorane med 19 treff og ein 4. plass på stang. Trygve fekk tida 13.10 og 2. plass i felthurtigen, berre 0.02 sek. bak vinnaren, fortel rapporten.

Sunnylven skyttarlag stilte også i lagskyting. Ola Vangen (93), Dag Andre Hauge (97), Trygve Aaland Tryggestad (94), og Ivar Fivelstad (97) vart nr. 2.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380