Lokalnytt

Utflytte sunnylvingar helsar heimbygda

Sommardagar på Hellesylt er eksempel på friviljug lagsarbeid i Sunnylven og resultat av det.

«Det store i det litla» blir slagordet når det i Sunnylven blir fokus på verdien av friviljugt lagsarbeid. Laurdag 10. november inviterer ei idegruppe til kultursamling og møte med utflytte sunnylvingar.

Jens Vik kom med ideen til Bygdemobilisering og heider for friviljug lagsarbeid, og fekk medarrangørar i Geir Frøysa og Jan Ove Tryggestad. No blir planane og opplegget for laurdag 10. november spikra der det blir både helsingar, underhaldning og servering. Med sjølve arrangementet håper dei på hjelp frå fleire.

Sunnylven har personar som har flytta ut og markert seg i fleire samanhengar. Kvifor har «vesle» Sunnylven fått fram så mange dyktige, framståande enkelpersonar? Det er spørsmål mange stiller seg, også initiativtakarane til denne kulturelle kvelden.

Sjølv om ikkje alt er heilt klart enno lovar arrangørgruppa helsingar frå utflytte sambygdingar, både til stades på samfunnshuset og på videooverføringar. Det kan bli interessant og ikkje minst lærerikt for andre når dei i korte helsingar fortel frå sine kvardagar.

Og det gode måltid denne kvelden blir sau, mat som dei færraste vil ha og langt mindre betale for. Men når meisterkokk og utflytta sunnylving Lars Helge Hanssen steller det til jublar sjølv den kresne gane. Det har ryktet fortalt frå årsmøtet i sau –og geit i Sunnylven sist vår.

-Med dette arrangementet ønskjer vi å ære både dei som gjer ein innsats for friviljug arbeid i bygda og dei som har reist ut og gjort ein dugande jobb og sett heimbygda på kartet. Vi skulle så gjerne ha fått dei tilbake, for her treng vi både velutdanna og trufaste arbeidarar, seier dei tre i arrangørstaben.

Arrangøren av «Det store i det litla» håper på 200 frammøtte på Sunnylven samfunnshus laurdag 10. november. Det blir påmelding og 100.- kroner i inngang, gratis for alle under 18 år, og alkoholfritt arrangement.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380