LokalnyttLokalsport

Valldal låg under, men vann

Sunnylven hadde leiinga i store deler av kampen, men tapte til slutt 3-4. Spelarar i rødt frå venstre; Nick Schrejer, Ottar Frøysa Hellebostad, Leif Rune Tryggestad.

Valldal vann 4-3 i 7er-oppgjøret for herrer på Hellesylt stadion tysdag. Dermed henta laget heim poenga dei mista til Sunnylven i våroppgjøret.

Det starta lovande på Hellesylt stadion for heimelaget i kampen mot Valldal tysdag kveld. Kim Sture Flo donka inn både 1-0 og 2-0 før Valldal reduserte etter at burvaktar Markus T. Forbord var uheldig på eit skot frå dei blå-kvite. Han stod for øvrig ein god kamp.

Laga gjekk til kvilen med leiing 2-1 for Sunnylven. Men andre omgang var berre eitt minutt gamal då Valldal utlikna. Deretter stod kampen å bikka utan skåringar, heilt til 67 minutt då Nick Schrejer la ein markkrypar i mål og 3-2 til heimelaget. Men det skulle kome fleire mål «feil veg» og til skuffelse for 15-20 på tribuna. Ni minutt før slutt utlikna Valldal og ti sekund før full tid banka gjestane inn sigersmålet. Dermed vann Valldal kampen 4-3 og tok med seg alle poenga.

Sunnylven mangla fleire av spelarane som var med i vårsesongen. Spelarstallen talde ni totalt, medan Valldal hadde 12 spelarar.

Sunnylven sitt lag;

Markus Tryggestad Forbord, Kim Sture Flo, Robert Tryggestad, Magnar Tufte Tyssen, Ottar Frøysa Hellebostad, Trygve Aaland Tryggestad, Pavel, Nick Schrejer, Leif Rune Tryggestad.

Domar var Per Helge Liseth, Stranda IL.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380