Vedtok planoppstart for Basecamp Hotel Hellesylt

På området der Grand Hotell og meieritomta er det nye hotellet på Hellesylt planlagt.

I sak 074/18 vedtok Fast utval for plansaker i Stranda kommune Rådmannen si tilråding om planoppstart for Basecamp Hotel Hellesylt.

 Rådmannen si tilråding var følgjande;

1. Stranda kommune tilrår oppstart av arbeid med Detaljregulering Basecamp Hotel Hellesylt.

2. Planen skal utarbeidast i samsvar med Stranda kommune sin rettleiar for utarbeiding av privat reguleringsplan.

3. Vedtaket er gjort i medhald av pbl. § 12-8

 Vedtaket var samrøystes.

Medlemer i Fast utval for plansaker er;

Frank Sve, Frp

Inger Helen Abelsen, Ap

Torill Ansnes, Frp

Elisabeth A. Ziel Opsvik, H

Svein Lunde, Krf

Hans Roar Emdal, Sp

Petter Hjørungdal, Sp

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380