Lokalnytt

AIDAbella til Hellesylt onsdag

Grunna veret sløyfer AIDAbella Ålesund og kjem til Hellesylt. Bildet viser søsterskipet AIDAsol ved Hellesylt kai i mai.

Driftsleiar i Stranda Hamnevesen KF melder at det kjem cruisebåt til Hellesylt onsdag 26. september. AIDAbella sløyfer Ålesund og blir ved Hellesylt til torsdag morgon.

-Vi har i kveld fått melding om at vi får eit skip til kai på Hellesylt ca. klokka 15:00 i morgon. (onsdag 26. september. red.anm.) Årsak er vind/vindmeldingar, og skipet har kansellert anløp i Ålesund i morgon.

Skipet som kjem er AIDAbella med ca 2050 passasjerar om bord. Skipet vil ligge ved kaia til torsdag morgon kl 09:00.

Vi håper at dei som har anledning held åpent i morgen ettermiddag/kveld, så får vi håpe at veret ikkje blir verre enn at passasjerane går ut av skipet, og opp i sentrum, heiter det i meldinga frå driftsleiar i Stranda Hamnevesen, Inge Hole.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380