App om Ibsen og Hellesylt

Tidlegare i år var desse fire elevane frå Stranda vidaregåande skule, frå venstre Maria, Silvana, Hannah og Malene på Hellesylt for å samle innhald til ein app om staden og bygda. No er fyrste versjon klar for presentasjon. (Foto frå arkivet)

Elevar ved Stranda vidaregåande skule har jobba med å lage ein app kring diktaren Henrik Ibsen og hans tilknyting til Hellesylt. No er fyrste versjon klar for visning.

Fire elevar, Malene Olea Linge Valdal, Hannah Wollen Strand, Maria Wilhelmsen og Silvana S. Berge var tidlegare i år på Hellesylt og fekk gjere seg betre kjende med området i arbeidet med å lage ein app frå Hellesylt og Sunnylven. Mellom anna fekk dei omvising på Peer Gynt galleriet og orientering om kunstnaren Oddvin Parr sine arbeid og motiv frå Ibsen sin Peer Gynt.

No er fyrste versjon av appen klar og blir vist på Peer Gynt galleriet 23. oktober.

-Elevar ved Stranda vidaregåande skule har fått litt økonomisk støtte frå næringsfondet til arbeidet med appen som skal kunne brukast til å marknadsføre Ibsen si tilknyting til Hellesylt. Fyrste utkast er no klar for visning på Peer Gynt galleriet tysdag 23. oktober kl. 13.30, opplyser næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal.

– Som alle på Hellesylt veit har H. Ibsen ei tilknyting til Hellesylt ved at han oppheld seg her ein periode, og ikkje minst ved at han skreiv delar av «Brand» her. Ibsen er kjend over heile verda og vi har ei unik samling av treskurd på Peer Gynt-galleriet. Dette må vi nytte meir aktivt i marknadsføringa av Hellesylt/Sunnylven enn det som har vore tilfelle til no.

Målet med appen er at spesielt cruiseturistane skal stoppe opp på Hellesylt, og at ein då også kan presentere det lokale næringslivet for omverda gjennom denne Ibsen-appen, skriv næringssjef Bjørdal.

Sjå og; http://www.hellesylt.info/2018/06/elevar-lagar-dataprogram-for-mobil/

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380