Best hjortejakt i Langedalen

11-taggar hjort skoten i Furnesdalen i 2014. (Foto frå arkivet)

I dei tre fyrste vekene av hjortejakta i Stranda kommune vart det skote 144 dyr som er 16 prosent av tildelte løyver i 2018.

Jegerane i Langedalen hjortevald i Sunnylven har jakta best fram til 19. september. Det viser fellingsrapporten for hjortejakta i Stranda kommune. Av totalt 905 tildelte fellingsløyver er det skote 144 dyr, eller 16 prosent. Ut frå innrapporterte resultat har Langedalen hjortevald 50 dyr så langt (130 løyver).

Nest beste jakt har det vore i Øvre Sunnylvsbygda hjortevald med 29 dyr (77 løyver).

Tre vald på Stranda, Helstad (68 løyver), Stranda sør (108 løyver), og Stranda nord (103 løyver) har alle skote 10 dyr kvar. Fire vald har ikkje felt dyr dei tre fyrste vekene av jakta.

Totalt i hjortejakta er det av kalv felt 14 hann, 12 ho, 1⅟₂ år hann 34, 1⅟₂ år ho 40, eldre hann 17, og eldre ho 28.

Heile fellingsrapporten ligg på Stranda kommune si nettside: https://www.stranda.kommune.no/Handlers/fh.ashx?MId1=4&FilId=848

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380