Dansa i gong skuledagen
Fredag 21. september er årets BlimE –dansedag. Sunnylven skule tjuvstarta dagen før for at alle skulle få delta.
Glade danserytmer i BlimE er for elevar over heile landet frå 1. til 7. klasse. Ved Sunnylven skule starta dei skuledagen med rocka rytmer i gymmasalen ein dag før dei skulle slik at alle som hadde lyst skulle få bli med. På scena stod fire elevar som skulle vise dansen for resten av dei danseglade. Og det vart ei fartsfylt opning på skuledagen til musikk og song laga av artisten Freddy Kalas.
Rette dansedagen skulle vere dagen etter, men det er sikkert lov å danse også dagen før slik dei rundt 50 elevane med lærarar ved Sunnylven skule gjorde. Vi sneik oss inn for å sjå på og fekk til liks med spreke aktørane ei gla`stund på ein ruskeversdag. Dansen skulle vare i om lag fem minutt, men det vart reprise på både musikk og dans, for dette var artig.
Sunnylven skule har vore med på BlimE i mange år fekk vi oss fortalt. Kor mange var det ingen som var sikre på.