Dato for folkefesten 2019 bestemt

Som vanleg var veret stort sett bra under Hellesyltdagane, og mange besøkjande kom. Men søndag før andesleppet kom regnet, for Hellesyltfossen hadde lita vassføring.

Hellesyltdagane 2019 blir arrangert fyrste helga i juli. Det får vi stadfesta frå arrangørkomitéen.

Hellesylt.info har alt no fått spørsmål om når Hellesyltdagane, folkefesten med lotteri, sal, underhaldning og anna moro blir arrangert i 2019. Frå arrangøren får vi stadfesta at arrangementet er planlagt til fyrste helg i fellesferien, frå fredag 5. til søndag 7. juli. Og arrangementet blir truleg også neste år bygd opp etter same suksessoppskrift som tidlegare.

Hellesyltdagane 2018 vart ein ny stor sommarfest med mange besøkjande og godt ver heilt fram til andesleppet på søndag. Fyrste evalueringsmøte er halde og her kom det fram mest positive tilbakemeldingar på arrangementet. Lag og organisasjonar som bidrog var nøgde med inntektene dei fekk, nokre litt mindre enn tidlegare, andre litt meir.

Fleire ting vart kommentert på evalueringsmøtet, mellom anna å vurdere å begrense antall utbydarar av matsal då desse har auka dei siste åra. Også tidspunktet for andesleppet vart drøfta, for enkelte tilbakemeldingar har gått på at kl. 17.15 er for seint på avslutningsdagen søndag.

Songartist Maria Holand Tøsse hadde eit forrykande show på utescena og sjarmerte mange, også lokale kommunepolitikarar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380