Hjelper andre gjennom valfag
Ved Sunnylven skule har 12 av i alt 22 elevar på ungdomsskulesteget valfag «Innsats for andre».
Tolv elevar ved ungdomssteget ved Sunnylven skule har knytt opp sitt valfag mot institusjonar og organisasjonar i bygda. Nokre har valt barnehagen, andre SFO og fire har læring og tilbyr ei hjelpande hand ved Sunnylven omsorgssenter.
Til no har dei besøkt heimen to dagar der dei fire i korte økter har teke del i dagleg omsorg, mellom anna med trilletur av bebuarar og baking på kjøkkenet. Neste fredag er dei der igjen.
Einingsleiar Siw Vangen synest det er veldig kjekt å få besøk av fire elevar og at dei viser omsorg for pensjonistane. Ho legg til at dei har gjort eit godt val som kom til omsorgssenteret.