Kvilarbenken
Fredrik tok turen over Steimsnibba laurdag. På nedturen frå Torskedalssætra til Karbø vart det ein liten rast på kvilarbenken, mest for fotografen.
Midtvegs til Torskedalssætra er det sett opp ein kvilarbenk. Den er av stein og har form som ein sofa. Det er bonden på Langeland som visst nok etter ei fjellsprenging tok vare på denne spesielt utforma kvilarbenken og plasserte den midtvegs på sætrevegen.
Vi stilte Fredrik tre enkle spørsmål der han testa ut «sofaen».
-Er «sofaen» fin synest du?
Ja ein veldig fin sofa.
-Er han like mjuk å sete på som den du har heime?
Nei, den er frykteleg hard, men solide greier.
-Var det lurt av bonden å ta vare på steinen og plasserte han her?
Ja, veldig lurt, slik skulle også andre gjort. Fint å sete her.