Lang gevinstsnor under Open dag

Jorunn Trøen er aktivitør for eldre. Torsdag var ho aktiv med loddblokka si for inntekt til gratis gevinstar til bingo på Sunnylven omsorgssenter.

Torsdag var det Open dag ved Sunnylven omsorgssenter med besøk av mange pårørande, kaffi, kaker, «drøs» og utlodding.

Gevinstsnora i daglegstova var godt synleg og imponerande lang då omsorgsenteret inviterte til Open dag og sosialt samvær torsdag. Som fristelse til loddkjøparane hang produksjonen frå arbeidsstova der strikka arbeid dominerte med både raggsokkar, vottar og ei flott kufte.

Bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter har arbeidsdagar på tysdag og torsdag fyrst på dagen. Aktivitør Jorunn Trøen fortel at frammøtet varierer frå gong til gong, frå fem til femten. -Det er dagsforma som avgjer, men vi har det kjekt i lag uansett kor mange vi er.

Materiell til å arbeide med får omsorgssenteret frå fleire, både frå privater, lag og organisasjonar, fortalde Jorunn og nemner mellom anna sanitetslaget. Torsdag var det utlodding og inntekta skulle gå til bingogevinstar. Bebuarane på omsorgssenteret spelar også bingo og der er det gratis å delta.

Mange pårørande møtte fram også denne gongen på Open dag som brukar å vere to gonger for året, både om våren og hausten, fortalde Jorunn Trøen.

Ei imponerande gevinstsnor som var «produsert» frå siste Open dag.

I påvente av spaninga med trekning av gevinstane gjekk praten om laust og fast over kaffikoppen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380