Notiser

Markerer Vinje-året med allsongkveld

Ungdomshuset Vaarvon, Straumgjerdet (Foto: facebook Vaarvon)

Sykkylven Mållag inviterer til allsongkveld på ungdomshuset Vaarvon i Straumgjerde fyrste søndag i oktober.

-Med akkompagnement av Einane Trio, Hilde Straumsheim som forsongar  og vakre omgjevnader på ungdomshuset, skulle alt ligge til rette, skriv Mållaget og held fram;

-I tillegg til nyare og eldre songar frå songskatten vår, har vi gleda av å presentere tre unge musikalske talent: Gina Rotevatn skal synge to songar akkompagnert av Bjarne og Lars Viljo Fauske på fele og gitar.

I år er det 200 år sidan diktaren Aasmund Olavsson Vinje vart fødd i Telemark.

Vinje har skrive nokre av dei finaste og mest folkekjære songane vi har. Gina skal synge ein av desse, og vi skal også synge minst ein som vår vesle markering av Vinje-året 2018.

Målprisen for 2018 blir tildelt Storfjordens venner v/ Kjell Løseth. Som takk får vi sjå den nye filmen om arbeidet deira og kulturarven dei tek vare på.

Det blir servering av kaker og kaffi / te som er inkludert i inngangspengane på kr. 100 for vaksne. Born går gratis. Vi trekkjer nokre vinstar på inngangsbilletten og høve til å kjøpe fleire lodd.

-Bli med og syng og ha det triveleg, skriv Sykkylven Mållag ved Berit Bjørlo i invitasjonen 

Allsongkvelden er 7. oktober kl. 18. 00 og avsluttar om lag kl. 20.15.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380