Ny biliotekstyrar i Sunnylven

Ny styraren ved Sunnylven bibliotek er Martine Rørstad Sand. Biblioteket er ope kvar tysdag.

Martine Rørstad Sand heiter den nye styraren ved Sunnylven Bibliotek. Ho tok over etter Marit Ljøen som slutta tidlegare i haust.

Sunnylven Bibliotek får ein opningsdag for veka. Kvar tysdag mellom klokka 12.00 og 16.00 håper Martine mange kjem innom og låner bøker. Og siste tysdag i kvar månad er opningstida utvida til klokka 18.00.

Martine Rørstad Sand er frå Sula og kom til kommunen frå jobb ved Høgskulebilioteket på Hamar. No er jobben ved biblioteket på Stranda dei dagane ho ikkje er på Hellesylt. På Stranda er det fleire bøker til utlån, men også utvalet på Hellesylt er bra, seier ho. Og sjølv om lokala er små synest ho det var god orden då ho overtok.

Då hellesylt.info kom innom tysdag hadde nettopp mange elevar og to lærarar frå Sunnylven skule vore på biblioteket. Det var eit kjekt besøk, og dei lånte mange bøker, fortalde Martine som håpa at både skuleelevar og andre ville kome innom og låne bøker på tysdagar. På dei utvida dagane vil det også bli sal av kaffi, vaflar og lodd til inntekt for Sunnylven Bibliotek.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380