Lokalnytt

Ny opningsfest hos 80-års jubilant

Gåva frå Sparebanken Møre var eit måleri av kunstnaren Olav Harald Ulstein. Frå venstre Petter Sætre, Stig Tryggestad, Ole Arnstein Ringdal, Kristen Ringdal.

Eitt av dei nye, store klimaromma var festsal då Ole Ringdal AS feira 80-års jubileum og nybygg med utvidinga av kjøttvarebedrifta. Der kunne rundt 150 innbedne gjestar sesse seg rundt festpynta bord.

-Hjarteleg velkomne til dokke alle, sa dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal som også framførte helsinga på engelsk til sine utanlandske tilsette. –Det er kjekt å feire saman med dokke sa han og vart litt rørt av stunda, men heldt fram; -Vi feirar i kveld ei utviding av bedrifta som har kosta 50.0 mill. kroner og at det er 80-år sidan det heile starta i langt mindre lokale ved Hellesyltfossen. Der er ikkje sjølvsagt at ei så stor bedrift skal vere på Hellesylt, men no er vi her og blir det, sa han og leverte mikrofonen vidare til disponent for familiebedrifta, Kristen Ringdal.

Jobb sju dagar i veka

-Eg lever framleis for bedrifta, men sjølv om eg har trappa ned likar eg å gå på jobb sju dagar i veka. Eg trur nybygget er positivt og utsiktene er gode, vi har dyktige ansatte og salet går godt. Til midten av september er omsetninga nesten like stor som i heile september i fjor.

Kristen Ringdal takka for alle helsingar, blomar og andre gåver som har kome bedrifta til del og sa at han lever og åndar for bedrifta og gler seg til kvar ny arbeidsdag.

Festen med 150 til bords av tilsette, representantar frå byggefirma og underleverandørar, presse og andre inviterte markerte også at det i 2018 er 80 år sidan «eventyret» Ole Ringdal AS starta på Hellesylt.

Frå festsalen i det som etter kvart blir teke i bruk som klimarom.

Takka mange

I si helsing til forsamlinga rosa Ole Arnstein Ringdal dei ansatte og sa at dei var den viktigaste ressursen, han takka tidlegare tilsette, dei som hadde reist nybygget og fleire andre.

-Det har vore eit hektisk og spanande år. Det er ikkje berre å bruke 50 mill. kroner, det har bydd på både utfordringar og overraskingar, sa han takka samstundes far sin for gode råd og støtte i ein til tider stressa arbeidsdag.

Gjestane fekk omvisning i nyedelen og fekk sjå at mykje julemat alt er produsert.

Utvida 17 gonger

Med film og ein lysbildeserie vart det eit attersyn på kjøttvarebedrifta si utvikling. Det starta i 1938 då grunnleggar Ole Arthur Ringdal reiste rundt på gardane og kjøpte dyr på mål. -Han tente nok litt pengar, eller hadde vi ikkje stått her, sa Ole Ringdal om bestefaren som hadde sin fyrste tilsette to år etter oppstart ved Hellesyltfossen. Sidan har bedrifta flytta til Øyrane og utvida fleire gonger. Det siste og 17 tilbygget var det største på 2054 kvadratmeter.

Innvigsle –og jubileumsfesten baud også på underhaldning. På scena kom Kristin Storstein som song tre vakre songar og med kulturskulelærar Morgan Pedersen på gitar. Og litt seinare på kvelden trylla Ole Arnstein Ringdal fram moromannen Klypa som fekk fram latterbrøla i eit heidundrande moroshow.

Helsingar og gåver

Ordførar Jan Ove Tryggestad bar fram gode helsingsord på vegne av kommunen. Han hadde ikkje med gåve denne gonge, blomar vart overrekt under snorklipping saman med dåverande landbruksminister Jon Georg Dale tidlegare i haust.

-Å fornye bedrifta med 50 mill. kroner gjev styrke, det er ein viktig arbeidsplass for bygda, men også for kommunen i form av skattepengar. Kommunen prøver å gje noko tilbake i form av å legge til rette med reguleringsplanar, men har vore bunde av byggerestriksjonar i 13 år på Hellesylt. Vi må forhalde oss til naturen. Ole Ringdal AS har klart det og bedrifta vil bestå i framtida, sa ordføraren mellom anna.

Ikkje tungt byggelån

Sparebanken Møre har vore bedrifta sin bank gjennom den siste utvidinga. Petter Sætre frå industrigruppa helsa frå banken.

-80-åringen er ikkje som andre, her er det livslyst og framtidstru som pregar. Det er flott å oppleve slik satsing og tru her på Hellesylt, det er gjort av flinke og kloke folk, personar som har trassa ei hard natur. Og det er fyrste gong eg er på opningsfest der vi ikkje har eit tungt byggelån å konvertere, sa Petter Sætre og saman med banksjef Stig Tryggestad overrekte dei eit måleri av kunstnar Olav Harald Ulstein med motiv av fjellet Skåla.

Festbordet baud på det beste og det meste var produsert ved Ole Ringdal AS.
Moromannen Klypa var i storslag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380