Ny solmarkise til Omsorgssenter

Både tilsette og bebuarar er jublande glade for å ha fått på plass ny solmarkise framfor vinterhagen. Her viser tilsette fram nyvinninga, i stolen Siw Vangen, og bak frå venstre Anita Langeland og Rita Eide Ljøen.

Sunnylven omsorgssenter fekk tidlegare i sommar ny solmarkise over uteområdet ved vinterhagen. Sunnylven pensjonistlag var gjevar med støtte frå Indre Sunnmøre Gjensidige.

Det vart ein solrik sommar i år. Mange av bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter hadde gleda av å nyte sommarvarmen ute, under ei ny solmarkise. Den gamle markisa framfor vinterhagen var ikkje funksjonell lenger, og Sunnylven pensjonistlag gjekk til anskaffelse av ei ny. –Vi vil gjerne hjelpe der det trengs, ikkje minst ved omsorgssenteret der vi har mange medlemer, seier leiar i laget, Astrid Langeland. Utsalspris på den nye markisa var 45.000.-

Kostnaden med ei ny markise var betydeleg så laget sende søknad til Indre Sunnmøre Gjensidige om støtte. Søknaden vart imøtekomen med 15.000.- kroner. -Vi syntest det var eit godt og nyttig prosjekt og i tillegg var det ein godt formulert søknad, seier dagleg leiar i forsikringsselskapet, Terje Langlo. Han opplyser at selskapet også tidlegare har gjeve omsorgssenteret støtte med kjøp av trøsyklar og som bebuarane har hatt mykje glede av.

Og ved Sunnylven omsorgssenter jublar dei denne gongen over markisegåva. – Vi takkar så mykje og er strålande fornøgde med å få ny markise etter at den gamle måtte gje tapt i eit vindkast. Den nye er utstyrt med vindsensor og køyrer seg inn automatisk om vinden blir for stri, fortel einingsleiar Siw Vangen. Markisa vart flittig brukt til skugge på mange varme soldagar i sommar.

Mellom dei som kosa seg under den nye solmarkisa i sommar var Arnfinn Tryggestad t.v. og Ole Karl Vollset, i møblar betalt av Sparebanken Møre. (Foto: Privat)

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380