Lokalnytt

Saknar mange sauer og lam

Bonde Per Kjell Leite sende 191 sauer og lam på sommarbeite i Oaldsbygda. Etter andre sankarhelg manglar han framleis 50 dyr.

Turistferja Bolsøy viste ærbødig hensyn og svinga unna i lav fart då «Beitebåten» vart passert på veg til kai i småbåthamna på Hellesylt med sau og lam frå Oaldsbygda. Dit kom også fleire interesserte for å sjå på sankeresultatet. Om bord var 25 – 30 sauer og lam, eit litt dårlegare resultat enn bonde Per Kjell Leite hadde håpa på etter den andre sankarhelga i Oaldsbygda. Til no har han fått heim rundt 140 dyr, eller rundt 50 færre enn han sleppte.

Sauebonden har enno håp om å få heim meir av buskapen, for mellom dei sakna dyra er ti vaksne sauer med lam. Og mykje lauv på skogen gjer det ekstra vanskelag å finne dyra. Han fryktar likevel for rovdyrskadar og at tapet blir betydeleg større enn i fjor. Fleire vaksne dyr er komne heim utan avkom, seier han. Men beitesesongen ser ut til å ha vore bra sjølv om tilveksten på lamma ikkje er heilt eit toppår.

Det vart ei våt og litt kjøleg helg i Oaldsbygda for det internasjonale sankarlaget. I tillegg til hjelparar frå eigen familie var det med både engelske og polske sankarar til den fråflytte fjordbygda.

På land frå «Beitebåten» og ombord i dyrevogna til Tryggestad som var neste etappe på heimreisa.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380