Sanitetslaget med Kløvertur til Shell

På ein regnfull torsdag la eit tjue-talls unge og eldre i veg på Kløvertur frå sentrum i Hellesylt til Shell og tilbake.

Sunnylven sanitetslag stod som tilskipar og inviterte unge og eldre på trimtur torsdag. Lengda på kløverturen var valfri, anten til Shell eller Åsebrua, men grunna vått og kjøleg ver valde alle den korte turen, til Shell.

Også i juni inviterte sanitetslaget på eit liknande opplegg. Den gong på turen frå Vollset til Nedstevatnet og tilbake deltok vel tretti. Så mange vart det ikkje torsdag, men turen til trimposten ved Shell og tilbake til Kyrkjelydshuset gjekk klar dei verste regnbygene.

På Sunnylven kyrkjelydshus serverte sanitetslaget enkel kveldsmat. Her fekk alle forsyne seg av eit kveldsbord som inneheldt mykje godt av brød, ost, kjøttpålegg, grønsaker og sjølvsagt drikke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380