Lokalnytt

Satsar stort på elektriske ribbåtar

Her er Frank Ole Bonsaksen til høgre, Bente og Ole Hjalmar samla i den bensindrivne rib-båten Korsfjord. Neste år blir det opplevingsturar i ein miljøvenleg farkost. (Foto frå arkivet)

Det blir utsleppsfrie opplevingsturar på Verdsarvfjorden når to nye elektrisk rib-båtar kjem til Hellesylt på seinvinteren 2019.

Familien Bonsaksen på Øvre Ljøen med selskapet Bonseye AS og i samarbeider med Neptun båt AS jobbar no med utvikling av ein elektrisk driven Rib-båtar. I november er testbåten klar for fullskala testkøyring i USA, fortel Frank Ole Bonsaksen.

I staden for bensin

Vi set kring kjøkkenbordet på Øvre Ljøen saman med Frank, kona Bente og sonen Ole Hjalmar og får høyre om planane for to nye elektriske rib-båtar og entusiasmen for prosjektet er stor. Familiselskapet Bonseye AS eig frå før to bensindrivne rib-båtar som dei køyrer opplevingsturar med både på Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden. No satsar dei på to nye, miljøvenlege farkostane, og om alt går etter planen får dei sjø under kjølen på Hellesylt i februar / mars neste år. Rib-eigarane på Øvre Ljøen er såleis i forkant av vedtaket om utsleppsfri fjord innan 2026.

Støtte frå Innovasjon Norge

Familien på Øvre Ljøen i Sunnylven satsar mykje på dette prosjektet som dei meiner vil bli ein liten revolusjon og få ein signaleffekt i tiltak mot utsleppsfri ferdsel på Verdsarvfjorden..

-Vi vil vere med å skape sporlaus ferdsel og satsar på å vere i forkant av ei utvikling som vi veit vil måtte kome, seier Frank Bonsaksen, bonde på Ljøen og kaptein på offshorskipet Normand Installer. Denne friske satsinga kostar pengar, men investeringa på fleire millionar er no finansiert. -Eigendelen er innbetalt og resten har vi fått hjelp med frå Innovasjon Norge. Der har vi møtt stor velvilje, og deira hjelp har vore avgjerande for at prosjektet kan realiserast, seier Frank Ole og får full støtte av kona Bente. – Innovasjon Norge har vore utruleg hjelpsame og imøtekomande med oss, både i denne samanheng og tidlegare, legg Bente til.

Som Korsfjord

Dei nye elektriske rib-båtane får same konstruksjon som rib-båten Korsfjord, same storleik med to kjølar. Det blir ein katamaran med hydrofoil, toppfart 44 knop, med full last 35 knop, sett saman av produkt som er i handelen alt. Fullt ladda vil båten ha ei driftstid på to timar, og det tek ca. 20 minutt å fulladde den. Til ladding trengs ein vanleg hurtigladdestasjon. Det går like fort å ladde båten som passasjerane treng å få på seg draktene til tur. Dette blir rib-båtens svar på Tesla, seier Frank Bonsaksen.

Flott utvikling

Det spanande prosjekt får base på Hellesylt og vil tilby opplevingsturar både på Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden inn til Dei Sju Systre og tilbake. I år har pågangen etter sjøreiste opplevingsturar teke av for familieselskapet. –Det har vore ei eventyrleg utvikling med minst ein tur dagleg i snitt i sommarmånadane. Spesielt etter at vi fekk leige kaihuset og presentert oss på kaia kom pågangen og av alle slag nasjonalitetar, frå Israel, Kina, britar, tyskerar, ja nær sagt alle land. Språket går greitt på engelsk og vi fortel om fjordgardar og andre hendingar i fjorden.. På ein tur på halvannan time går halve tida til guiding, fortel Bente som har møtt berre hyggelege turistar. –Vi får både klemmar og tipps etter turen, røpar ho. Med båtane har dei også frakta lokale folk, både på tur, på sauesanking i Oaldsbygda eller slått på Furneset.

I slekt med oppfinnar

At det skulle bli familien på Øvre Ljøen som kom med ideen om å bygge den aller fyrste elektriske rib-båten var litt artig, men kanskje ikkje uventa, dei er i slekt med oppfinnar. Onkel til Frank Ole Bonsaksen var Lars Ringdal. Han var kjent som ein iderik mann, mellom anna var han far til Think-bilen, også det eit elektrisk køyretøy.

Her er planteikninga av dei nye elektriske rib-båtane. Same uforming og same storleik som dei «gamle».

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380