LokalnyttLokalsport

Spanande lokaloppgjør

Her takkar laga kvarande for kampen som vart eit jamt og spanande oppgjør.

Det var nerve i kampen til siste slutt då Sunnylven og Stranda G13 9-ar kjempa om siger og poeng på Hellesylt stadion onsdag kveld. Heimelaget vann med eitt mål.

Oppgjøret mellom Sunnylven og Stranda vart ei tøff batalje, mykje bra spel og til tider tøffe duellar, men kampens gode dommar, Odd Even Svindseth hadde kontroll på alt. Sunnylven opna best og tok leiinga før ti minutt var spela. Og ein markkrypar litt seinare dobla leiinga for heimelaget. 2-0 var pauseresultatet.

I andre omgang starta gjestane friskt og fekk si fortente redusering. Men eit langskot frå dei raude og blå sneik seg under tverrstonga og i mål til 3-1 leiing.På slutten pressa Stranda for redusering og kanskje poeng og i ei mølje framfor heimemålet vart det sjølvmål for heimelaget og 3-2. Fleire mål vart det ikkje i ein kamp der eit talrikt publikum fekk oppleve spaning til siste sekund.

Jentelaget tapte stort

I ein J14-kamp 7-ar som gjekk samstundes mellom Sunnylven og Brattvåg vart det stortap. Brattvåg vann mot det unge heimelaget 13-0.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380