Lokalnytt

Takka for årets grøde

Medlemer av Sunnylven bygdekvinnelag hadde pynta Sunnylven kyrkje vakkert til hausttakkefest og markering av eit nytt godt og grøderikt år.

I år var det bygdekvinner frå Dalen som hadde gjort jobben med å pynte kyrkjerommet vakkert til hausttakkefest og dei hadde som vanleg nytta naturen sin eigen vegetasjon i haustfargar. Vakraren pynt finn ein knappas. I tillegg var grøde frå både åker og hage med.

Sokneprest Stein Karstensen heldt preika og minte om alt vi har å takke for, også av alt som blir hausta inn. Aktivt med under hausttakkefesten var også konfirmantar, og elevar frå 3. og 4. klasse og born frå barnehagen som framførte fleire norske songar, og litt på afrikansk.

Det var godt frammøte til gudstenesta den 19. søndagen i treeiningstida og dagen etter Mikkelsmesse. Her vart vesle Sofia døypt, og i tillegg var det nattverd og ofring til kyrkjelydsarbeidet.

Mange elevar frå 3. og 4. klasse og born frå barnehagen var med og sette ekstra «farge» på ei vakker samling i kyrkja søndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380