Ut på Kløvertur

Frå Kløvertur med sanitetslaget til Nedstevatnet i juni 2018.

På torsdag arrangerer Sunnylven sanitetslag Kløvertur, ein gå-tur i eige tempo med start frå Sunnylven kyrkjelydshus. Etter turen blir det servert enkel kvelds på kyrkjelydshuset.

Norske Kvinners sanitetsforeining jobbar for god folkehelse. Forsking viser at fysisk aktivitet kan ha smertelindrande effekt. Er ein i tillegg aktiv saman med andre, kan det bidra til auka trivsel, skriv Sunnylven sanitetslaget.

-Ein Kløvertur er eit tilbod om aktivitet ute, noko som kan vere så mangt. Slike turar må tilpassast dei som vil vere med, det kan til dømes vere ein rusletur i nærområdet, ein trimtur eller tur med rullatoren.
Sunnylven Sanitetslag har som mål å arrangere nokre Kløverturar på ettermiddags/kveldstid, slik at det er lettare også for dei som går på skule eller er i arbeid å vere med.
Kløverturar er for alle og vi vonar mange vil vere med. Deltakarar må gjerne kome frå andre stader også.
På nokre av turane vil det bli enkel servering som ein kan kose seg med i etterkant av turen. I vår hadde vi ein flott tur opp til Nedstevatnet der mange både unge og eldre av begge kjønn var med. Då vart det servert kaffi og kanelbollar, skriv sanitetslaget.

Torsdag 13. september blir det ny Kløvertur. Start er kl. 18.00 frå Kyrkjelydshuset og turen blir ein runde til Hellesylt stadion, Shell eller runden rundt Åsebrua og tilbake til Kyrkjelydshuset. Her blir det servert ein enkel kvelds.

Det er folk på Kyrkjelydshuset frå klokka 18.00, så kom og bli med på torsdag, er oppmodinga frå arrangøren til alle, også bebuarar på Sunnylven omsorgssenter som kan ta sin Kløvertur frå Omsorgssenteret til kyrkjelydshuset kl. 18.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380