Vann Trollstigen opp
Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL vann si klasse i rulleskirennet Trollstigen opp som var sesongens fyrste konkurranse i Sparebanken Møre Cup.
Det var sekundstrid om dei to fremste plassane i J 17-18 år i Trollstigen opp søndag 16. september. Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL, som dette året går skule på Lillehammer kneip sigeren og fekk sluttida 55.37, ni sekund føre Liv Johanne Vestre Røkke, Stordal IL. Ane Hagset Stavnesli, Molde & Omegn IL kom på tredje plass.
71 løparar fullførte Trollstigen opp som er fyrste konkurranse i Sparebanken Møre Cup.