Aasmund Nordstoga besøkjer Hellesylt

Aasmund Nordstoga, til venstre på biletet var innom Hellesylt sommaren 2017 i samband med Senterpartiet sin landsomfattande valturne. (Foto frå arkivet)

I dag torsdag 25. oktober blir Aasmund Nordstoga å høyre på Sunnylven samfunnshus saman med gitaristen Åsmund Reistad, ein konsert i høve Vinje-året 2018.

Det er Sunnylven Pensjonistlag som står som arrangør av konserten med Aasmund Nordstoga og gitarist Åsmund Reistad på Sunnylven samfunnshus torsdag 25. oktober. I år er det 200 år sidan diktaren Aasmund Olavsson Vinje vart fødd og konserten med Aasmund Nordstoga vil ha mykje av Vinje sine tekstar.

Det er ikkje førehandssal av billettar, dei får ein kjøpt ved frammøte og kostar 150.- / 200.-.

Arrangøren håpa mange tek turen til Hellesylt og Sunnylven samfunnshuset i kveld torsdag 25. oktober for å oppleve og høyre Vinje-songar framført av Aasmund Nordstoga med Åsmund Reistad på gitar. Konserten startar klokka 19.30.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380