Aasmund Nordstoga til Hellesylt
Torsdag 25. oktober kjem Aasmund Nordstoga til Hellesylt med konsert i høve Vinje-året 2018.
Sunnylven Pensjonistlag er arrangør av konserten med Aasmund Nordstoga og gitarist Åsmund Reistad som blir på Sunnylven samfunnshus torsdag 25. oktober. Det er ikkje førehandssal av billettar, dei får ein kjøpt ved frammøte, sa Astrid Langeland som orienterte om det storfine artistbesøket under medlemsmøtet på Eldredagen. Ho håpa mange tok turen til samfunnshuset denne kvelden for å oppleve å høyre Vinje-songar framført av Aasmund Nordstoga med Åsmund Reistad på gitar.