Notiser

AIDAbella ikkje til Hellesylt

Grunna stengd veg over Geirangerfjellet sløyfar AIDAbella anløpet på Hellesylt og går direkte til Geiranger torsdag 25. oktober. (Arkivfoto av søsterskipet AIDAsol)

Cruisebåten AIDAbella skulle klappe til ved Hellesylt cruisekai torsdag 25. oktober som siste båt denne sesongen. Grunna vegstenging blir Hellesylt sløyfa og turistbåten går direkte til Geiranger.

AIDAbella med sine 252 meter og plass til rundt 2500 passasjerar er ein av cruisebåtane med flest anløp på Hellesylt denne sesongen. Heile seks gonger har båten lagt til kai, og i morgon skulle den avslutte ein lang sesong med nytt besøk. Men då vegen mellom Geiranger og Langevatn er stengd grunna snø går AIDAbella direkte til Geiranger, får vi opplyst frå driftsleiar i Stranda Hamnevesen KF.

Sommaren er over, men turen inn fjorden med haustfarga lier og snøkledde toppar vil også vere ei flott oppleving som heilt sikkert cruiseturistane forevigar på mange foto. AIDAbella er tilbake i juni 2019, til ein rekordsesong med over 140 anløp på Hellesylt og langt fleire i Geiranger.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380