Alt klart for saudehaudfest

Bøndene har henta heim alle firbeinte ullkledde og i morgon skjer det. Då blir den lokale og årlege saudehaudfesten arrangert på Sunnylvsbygda grendahus og «snadderet» kjem på bordet.

Du har vel huska å melde deg på til årets saudehaudfest. Om ikkje må du ta telefonen kjapt og ringe mob. 918 93 177 (Olav Lade).

Det ser ut til å fyllest godt opp til festen på Sunnylvsbygda grendahus også i år, det spesielle treffet der saudehaud, mat som gjennom årtider har metta og gleda mange blir servert.

Skulle du ikkje synest godt om nettopp det flådde, salta, tørka og kokte saudehaudet kan du fylle tallerkenen med anna, kokmør, poteter og kålrot. Og i tillegg til servering, musikk og dans har arrangøren Sunnylvsbygda grendalag også andre forfriskingar å by på.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380