App-presentasjon opent for alle

Diktaren Henrik Ibsen har fått sin plass i den flotte Verdsarvutstillinga i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. No har elevar ved Stranda vidaregåande skule laga ein app om Hellesylt og der er den kjende diktaren er med.

Tysdag 23. oktober presenterer elevar frå Stranda vidaregåande skule fyrste utkast av ein app om Hellesylt og diktaren Henrik Ibsen sin tilknyting til området.

I vår var elevar frå Stranda vidaregåande skule på Hellesylt for å samle informasjon til ein app frå Hellesylt og Sunnylven. Mellom anna fekk dei omvising på Peer Gynt galleriet og orientering om kunstnaren Oddvin Parr sine arbeid og motiv frå Ibsen sin Peer Gynt.

I morgon tysdag 23. oktober skal fyrste utkast presenterast på Peer Gynt galleriet, Hellesylt kl. 13.30. Kanskje kjem eit intervju med elevar på NRK Møre og Romsdal kring kl. 09.30 den dagen, så føl med.

Samlinga og presentasjonen på Peer Gynt Galleriet er ope for alle interesserte.

Ibsen besøkte Hellesylt

-Elevar ved Stranda vidaregåande skule har fått litt økonomisk støtte frå næringsfondet til arbeidet med appen som skal kunne brukast til å marknadsføre Ibsen si tilknyting til Hellesylt. Fyrste utkast er no klar for visning på Peer Gynt galleriet tysdag 23. oktober kl. 13.30, opplyser næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal.

– Som alle på Hellesylt veit har H. Ibsen ei tilknyting til Hellesylt ved at han oppheld seg her ein periode, og ikkje minst ved at han skreiv delar av «Brand» her. Ibsen er kjend over heile verda og vi har ei unik samling av treskurd på Peer Gynt-galleriet. Dette må vi nytte meir aktivt i marknadsføringa av Hellesylt/Sunnylven enn det som har vore tilfelle til no.

Målet med appen er at spesielt cruiseturistane skal stoppe opp på Hellesylt, og at ein då også kan presentere det lokale næringslivet for omverda gjennom denne Ibsen-appen, skriv næringssjef Bjørdal.

Sjå og; http://www.hellesylt.info/2018/06/elevar-lagar-dataprogram-for-mobil/

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380