Årets fôravling betre enn frykta

Fleire gjødsla på og fekk ein god tredje slått. Det sikra eit brubart forgrunnlag trass i tørke og overvintringsskadar.

Det blei eit brukbart fôrår for bøndene sjølv om tørke gav redusert avling på fyrste slått. Til vanleg er det to avlingar, men i år hausta mange også ein tredje slått.

Eit tørkeår enda med økonomisk krisepakke til det norske jordbruket og import av grovfôr til mange i håp om å berge buskap og avdrått gjennom vinteren. Grasveksten i Sunnylven vart også ramma av tørke og i tillegg var det betydeleg overvintringsskadar på enga. Mykje som skulle vere grasmark og gje vinterfôr vart svart åker og tilsådd på nytt med grasfrø og andre dekkvekstar. For bønder i Sunnylven vart likevel grovfôrlageret større enn frykta då fleire hausta ein tredje slått.

Hausta ein tredje slått

Næringssjef Inge Bjørdal i Stranda kommune fortel at det kom inn ti skademeldingar på overvintring –og tørkeskadar tidleg på året og der bønder ønska å søkje om erstatning.

-Det såg stygt ut fyrst på året og fyrsteslåtten var dårleg. Men den andre vart betre, og i tillegg fekk fleire «i hus» ein tredje slått så eg trur det vart bra til slutt for dei fleste. I tillegg har dei tøygd beitesesongen så langt som råd, seier Bjørdal.

Avlingsskade

-Ti bønder har gjeve melding om avlingsskade i sesongen, men berre to har søkt så langt og desse søknadane blir behandla. For å søkje om erstatning må ein ha minimum 30 prosent avlingssvikt. Søknadsfristen er 31. oktober, men kommunen skal ha søknaden tidleg for å kunne synfare, seier Bjørdal.

På Helset i Sunnylvsbygda driv Jørgen Helset og familien kjøtt –og mjølkeproduksjon og har ein stor buskap i det nye lausdriftsfjøset sitt. Fyrste slått vart redusert av både tørke og overvintringsskadar, men med andre og ein tredje slått vart det brukbart. Bonden er litt spent på kvaliteten på foret av siste slåtten, det bør kanskje supplerast med litt høy eller halm, trur Jørgen Helset.

Må kjøpe litt

På Fivelstad i Nibbedalen driv Leif Arne Fivelstad eit anna stort kjøtt –og mjølkebruk. I det nye fjøset står 52 mjølkekyr og over 50 foringsoksar. Med ungdyr stort og smått tel buskapen 170 storfe, fortel den unge og storsatsande bonden. Han fortel at heile buskapen er komen i hus no og då går det med fem rundbalgar i døgnet.

Som i andre deler av Sunnylven var fyrste slått også i Nibbedalen langt under det normale. Men den andre grasavlinga var mykje betre. Samla vart det ikkje eit katastrofalt dårleg forår, men heller ikkje godt. – Vi må nok kjøpe litt, om det er å få då, seier Leif Arne Fivelstad. Han har ikkje søkt på avlingsskadeerstatning.

Grasavlinga vart ikkje katastrofalt dårleg, men truleg må det supplerast med litt kjøp til den store buskapen som Leif Arne FIvelstad har i nyefjøsen sin, og som vi ser i bakgrunnen. (Foto frå arkivet 2014)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380