Lokalnytt

Basarlaurdag fylte småsalen

Kari Hauso Stadheim t.v. og Hilde Langlo Brekke frå sanitetslaget viser fram av dei flotte gevinstane som blir trekte på basarbok 1. desember.

Det vart folksamt på Sunnylven sanitetslag sin Basarlaurdag. På Sunnylven samfunnshus baud laget på både god mat og gevinstar på snurrelodd.

Mange drog heim med små og store gevinstar frå sanitetslaget sin Basarlaurdag. Snurrelodd til fem og ti kroner, alt etter kor verdifulle gevinstane var, gjekk radig unna. Basar med snurrelodd er arrangement som også den yngste garde likar godt.

Fine gevinstar på basarbok

På gevinstbordet var mellom anna heimestrikka sokkar, fruktkorger, blomster, handelsvarer til forbruk i heimen og anna nyttig til hushaldet. Andre større ting som ei fin dukke, pledd og ein juleduk skulle loddast ut på i basarbok. Basarboka blir dei neste vekene utlagt i Sparebanken Møre på Hellesylt for nye loddkjøparar og 1. desember blir det trekning, fekk vi opplyst.

Under basaren selde sanitetsdamene brennsnut, laga på svineknoke og grønsakblanding, og i tillegg baud dei på eit stort kakebord og kaffi.

Til lokalsamfunnet

Den årlege Basarlaurdagen fekk godt haustver noko som heilt sikkert gjorde at mange kom innom og støtta laget. Brutto kom det inn 17.000.- kroner, eit beløp sanitetslaget er godt nøgde med. Pengane deler laget ut til gode formål i Sunnylven. Det er kjøpt inn ein arbeidslampe til behandlingsrommet for fotpleie ved omsorgssenteret, det blir lunsjmåltid til elevar og tilsette ved Sunnylven skule under juleverkstaden, adventsstund for bebuarane ved Sunnylven omsorgssenteret og ei gåve til tilstelling av uteområdet der.

Ei av dei aktuelle sakene som Norske kvinners sanitetsforeining engasjerer seg i er kampen mot skjønnhetstyranniet. Også Sunnylven sanitetslag jobbar med å få til ei markering rundt dette temaet.

Her er litt av gevinstane som snurreloddkjøparar prøvde vinnarlukka på under sanitetslaget sin Basarlaurdag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380