Baud på matrett av Gullbygg
På Verdas matvaredag tysdag hadde Sunnylven Bygdekvinnelag stand på Hellesylt med utdeling av smaksprøver på mat av bygg.
Verdas matvaredag var ein fin haustdag, men litt kjøleg. Difor tekte Sunnylven Bygdekvinnelag inn i Coop-kroken med Gullbygg-standen sin på Hellesylt. Og inne stod beger med byggriskrem med bringebærsaus på rekke og rad, klare for servering. På denne dagen skulle Bygdekvinner over heile landet slå eit slag for årets kanskje sunnaste nyheit, nemleg Gullbygg.
Damene i Sunnylven Bygdekvinnelag hadde rikeleg byggriskrem ferdig kokt for oppfylling i nye beger. Når Bygdekvinnene serverer blir grytene sjeldan heilt tomme. Mange kom innom for å smake på retten som var laga av den fjerde mest dyrka kornart i verda. I følgje Norges Bygdekvinnelag er det eit kornslag som er alt for lite påakta, både som mat og helse. I Europa og USA er det lov å reklamere for helseeffekt av å bruke bygg i mat då det inneheld betaglukan som senkar kolesterol i blodet og elles påverkar blodsukker og tarmfunksjon.
Med den velsmakande desserten følgde ei brosjyre med ti matoppskrifter og to små pakkar Gullbygg, eitt av dei eldste kornslaga. Opphavleg kom kornsorten bygg frå Afghanistan, og til Norden kom det 4000 år før Kristus.
I dag blir bygg brukt til dyrefor, mat, og malt for øl og whiskyproduksjon. Det har eit høgt innhald av karbohydrat og protein.