Lokalnytt

Brukbar start på hjortejakta

Hjorteflokk på Hauge. (Foto: Oxana Trofimchuk-Rusten.)

Hjortejakta i Stranda kommune har ikkje teke heilt av enno, men så langt er rundt ein firedel av tildelte løyver felt.

Asle Johan Bergset Konnerth er sekretær for Stranda viltnemnd. Fram til midten av oktober er det skote 234 hjort, og som er noko mindre enn i fjor, meiner Konnerth å huske.

Det har vore bra jakt i Langedalen i Sunnylven der det er felt 65 dyr, eller halvparten av tildelt løyve. Også i det andre store dalføre har det stubba mange dyr, i Sunnylvsbygda Øvre er det felt 40 og Sunnylvsbygda Nedre 17 hjort. Liabygda jaktar best seinare på hausten, men har 17 til no så det lovar godt. I Strandadalen har det blitt felt ferre dyr enn i fjor, seier Konnerth.

Hjorten har halde seg høgt til no og Konnerth trur årsaka er det spesielle veret dette året med sol og tørke tidleg. Men ut på hausten kom regnet og då vart det nytt, friskt gras og gode beiteforhold høgt til fjells. Han fortel at fleire har møtt på flokkar med hjort høgt til fjells.

-Truleg er dette årsaka til at hjorten har halde seg høgt og jakta ikkje har teke skikkeleg av enno. At det dreg litt ut er ein fordel, for då blir det lettare å få omsett kjøtet i staden for at alt kjem over kort tid. Dyr er det nok av sjølv om ein del truleg strauk med i kulde og snø sist vinter, trur Konnerth. Han kjenner ikkje generelle slaktevekter på dyra, det har samanheng med nedbør og beiteforhold. Men sjølv om det er blitt innrapportert mange skrapedyr, er han sikker på at det blir nok kjøtt i frysarane rundt om.

Største felte hjort i Stranda kommune så langt er truleg ein bukk på Fjørstad med slaktevekt 121 kilo. I Habostaddalen vart det skote ein 16-taggar, men den var under hundre kilo slaktevekt.

Av 905 tildelte løyver i 2018 er det no felt 234 hjort i Stranda kommune. Det kjem no, oppdatert fellingsrapport på Stranda kommune si nettside om få dagar.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380