Lokalnytt

Etterlyser svar og støtte frå kommunen

Det «nye» fleirbruksanlegget i Hyttehola har fått garasje for trekkemaskin, speakerbu og stort klubbhus med garderobe/sanitæranlegg og overbygd standplass for skyting. Eit stort antall dugnadstimar er lagt ned i utbygginga.

Leiarane for Sunnylven Idrottslag og Sunnylven Skyttarlag etterlyser svar på søknad om økonomisk støtte til utbygging av fleirbruksanlegget i Hyttehola.

Sunnylven Idrottslag og Sunnylven skyttarlag sende 17. oktober 2016 søknad om støtte til utbygginga av fleirbruksanlegget i Hyttehola ved Tronstad. Framleis har dei to laga ikkje fått svar, skriv leiarane Per Ingebrigt Karbø i Sunnylven IL og Ola Vangen i Skyttarlaget.

Etter ei storstilt utbygging av bygningar og avløpsanlegg vart det i 2016 søkt om 1.627.000 kroner i kommunal støtte som del av finansieringsplanen.

I år har Stranda kommune har fått 7.3 mill. kroner i frie middlar frå Havbruksfondet. At sentrale politikarar har uttala at dei ønsker å nytte desse middlane til beste for born og unge synest dei to leiarane er flott. I media har politikarar uttala at dei kan tenkje seg å støtte ny fotballhall på Stranda, men også Sunnylven sitt fleirbruksanlegg må få sin del av beløpet, meinar dei to.

-Takka vere formidabel dugnadsinnsats og eit låneopptak har vi likevel gjennomført investeringane og ny trakkemaskingarasje og tidsmessig klubbhus med garderobeanlegg er på plass.

Når det no er kome friske middlar, reknar Sunnylven IL med at vi får positivt svar på vår søknad, og får tilskot til dei omfattande investeringane som er gjennomført, heiter det i brevet.

-Dersom vi skal greie å halde framme den store aktiviteten vi har i Sunnylven er økonomien i laga viktig. Tilskot frå kommunen er difor avgjerande for kva aktivitet vi kan tilby born og unge, står å lese i brevet til Stranda kommune frå leiarane Per Ingebrigt Karbø og Ola Vangen.

Det nye klubbhuset med overbygd standplass er fagmessig reist og inneheld alt eit stort og moderande lagshus skal ha.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380