Notiser

Fjordforeining med haustmøte på Hellesylt

-Nokon må bry seg om fjordane si historie, har Anders M. Liaaen sagt. Her er Sunnylvsfjorden, sett frå Ljøkaia ogutover. (Foto frå arkivet)

Foreininga «Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden» har lagt haustmøtet sitt til Hellesylt tysdag 16.oktober. Det startar kl. 18.30 og vil vare i rundt 2 1/5 time står å lese i innkallinga.

Storfjorden er med sine 11 mil Norges femte lengste fjord. Lengst ute mot havet er ei sidearm inn Hjørundfjorden, og lenger inne deler den seg til Tafjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden.

«Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden» har som mål å samle inn kunnskap og historisk materiale om fjordane. -I dag blir fjordar nærmast sett på som hindringar, men historisk har dei vore eit bindeledd, les vi på foreininga si nettside www.storfjord1.no

Konservator Jarle Sulebust er formann i styret som har desse medlemane; Norunn Heggebakk Steinnes, Torbjørn Osvik, Knut Måseide, Are Homlong, Turid Aspehjell og Johan Weiberg Gulliksen.

Under haustmøtet blir det fleire programinnslag, mellom anna fortel Knut Sjåstad om fjorden si historie, og Arne Ringdal har kalla sitt innslag for «Hellesylt – tettstad og knutepunkt». Haustmøtet på Sunnylven samfunnshus er ope for alle.

På foreininga sin nettstad er mykje lesestoff alt, spesielt under lenka Arkiv. Og meir stoff kjem, forstår vi. På møtet på Hellesylt ønskjer foreininga forslag til emne som er knytt til Storfjorden, Hellesylt og Sunnylven og som kan bli presentert.

Av programmet går det fram at det også blir matpause under vegs. For å berekne maten er det påmelding til haustmøtet på Mob. 926 40 218, eller E-post: jarle@sulebust.no

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380