Fotodagar i Storfjord kulturhus

Frå utstillinga til Stranda Fotoklubb 2017.

Stranda Fotoklubb arrangerer sine årlege Fotodagar i Storfjord kulturhus frå fredag 12. til søndag 14. oktober.

Kristbjørg Bjørndal er leiar i Stranda Fotoklubb som vart stifta i august 2010. Ho har sendt litt informasjon til hellesylt.info om utstillinga og fotodagar som opnar i Storfjord kulturhus fredag 12. oktober klokka 18.00 og blir avslutta søndag 14. oktober.

Årets Fotodagar har utstilling av mange bilete i ulike storleikar på papir eller lerret. Dei fleste er til sals, også ein Strandakalendar med årstidsbilete frå Stranda kommune og som medlemar i Stranda Fotoklubb har teke. Også tre barnehagar stiller ut bilete som borna har fotografert og laga, ein kjekke tradisjon, synest leiaren i Fotoklubben. Sjølvsagt er det open kafé i kulturhuset under Fotodagane så der kan publikum hygge seg med go`saker og slå av ein prat.

Stranda Fotoklubb hadde 55 medlemer i 2017, men er open for innmelding av fleire. Under utstillinga er medlemer til stades for fotoprat og nye medlemer er velkomne om dei ønskjer ein fin hobby eller treng hjelp med å forstå kameraet sitt, seier Kristbjørg Bjørndal.

Sjå frå utstillinga i 2017: http://www.hellesylt.info/2017/10/fotodagar-pa-stranda/

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380