Håp om lys i Hellesyltfossen igjen
Lyssetjing av Hellesyltfossen i 2008 vart eit flott og spektakulært syn. No har fossen lege mørklagt ei tid, men det blir arbeidd med å få den lyssett igjen.
Stranda kommune har teke over ansvaret for lyssetting i Hellesyltfossen og under budsjettbehandling i fjor vart det avsett 200.000.- kroner til istandsetjing av lysanlegget igjen. Det er innhenta tilbod på arbeidet, men desse ligg noko høgare enn budsjettert.
Stranda kommune søkjer no å innhente tilbod innafor budsettramma. Ein del av det gamle utstyret vil bli nytta igjen, men det må ordnast nytt strauminntak etter at deler av Sunnylven meieri vart rive, får hellesylt.info opplyst.