Heidra av Forsvaret

På 90-årsdagen fekk Jon Tryggestad tildelt to av Forsvarets høgste utmerkingar. Medaljene vart overrekt av oberstløytnant Børge Hatlebrekke. (Foto: Privat)

Jon J. Tryggestad feira nyleg 90 år. I tillegg til både gåver og blomar vart han overrakt to spesielle æresbevis, nemleg heidersmedaljer frå Forsvaret.

Jon J. Tryggestad bur på Sunnylven omsorgssenter. Mellom mange gjestar på 90-årsdagen var også Børge Hatlebrekke som på vegne av forsvarssjefen overrekte den tidlegare bonden og meieriarbeidaren to av Forsvaret sine høgste utmerkingar for internasjonale oppdrag, Tysklandsbrigadens veteranforbunds medalje, og Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar.

Jon Tryggestad var med i Tysklandsbrigaden mellom 50.000 andre nordmenn som tenestegjorde i Tyskland i åra 1947 – 1953. Han var i Brigade 491, kontingent 1 i 1949.

Det var sjølvsagt stor stas for heiderspersonen sjølv, men også for familien som fekk oppleve denne høgtidlege overrekkinga på 90-årsdagen.

Medaljene

Tysklandsbrigadens veteranforbunds medalje blei innstifta i 1990 av kong Olav og er blitt tildelt personar som gjorde teneste i minst ein av dei 12 norske Brigadane i Tyskland.

Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar blei innstifta i 2000 med tilbakeverkande kraft til 1947. Den blir tildelt sivile og militære personar som har delteke i internasjonale operasjonar, beslutta av norske politiske myndigheiter.

Forsvaret leitar no opp dei siste attlevande som deltok i slike tenester. Det er truleg fleire i Stranda som ikkje har fått sin rettmessige heideren enno.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380