Ikkje asfaltering onsdag

Det blir ikkje asfaltering på Fylkesveg 80 onsdag. Her nær området ved Vardejuvet.

Det blir ikkje asfaltering i Sunnylvsbygda onsdag 24. oktober som tidlegare annonsert. Årsaka er meldingar om dårleg ver.

Statens Vegvesen har i dag gjeve beskjed om at det ikkje blir asfaltering på FV 80 i Sunnylvsbygda mellom Frøysa og Hole onsdag 24. oktober. Grunnen er at det er meldt dårleg ver.

Truleg blir det ikkje asfaltering på streninga dei neste dagane heller då det i neste veke er venta fallande temperatur. Om arbeidet blir utført seinare i haust eller tidleg neste vår er avhengig av veret vidare framover, heiter det i meldinga frå Statens Vegvesen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380