Jubileumsgåve frå Sparebanken Møre

Sparebanken Møre fyller 175 år, og feirar med å gi ei jubileumsgåve på 175.000 kroner til eit godt formål i alle kommunar der banken har kontor – deriblant i Stranda Kommune.

Sparebanken Møre sine røter går tilbake til etableringa av Herrøe og Røvde Sognes Sparebank i 1843. I alle desse åra har sterk lokal tilhøyrsle vore sjølve grunnmuren i banken si verksemd, og i dag har Sparebanken Møre kontor i 24 av kommunene i Møre og Romsdal.

Takkar for tilliten

I ei pressemelding kan ein lese om Sparebanken Møre si historie og virke;

Rundt midten av 1800-talet vaks det fram sparebankar over heile landet. Felles for fleire var at startkapitalen kom frå sal av såkornmagasin som bøndene hadde hatt som reservelager for dårlege år. Etter kvart som bankane fekk overskot, gjekk dette tilbake til bankane for å bygge opp kapitalen.

I dag utgjer desse midlane halvparten av eigenkapitalen, noko som betyr at det er lokalsamfunna der banken held til som eig halvparten av Sparebanken Møre.

Samtidig etablerte bankane ein tradisjon med å gi deler av overskotet i utbytte i form av gåver til gode formål i lokalsamfunnet. I dag går halvparten av utbyttet i Sparebanken Møre til lokalsamfunn der den høyrer til.

I høve 175-årsjubileet takkar Sparebanken Møre for tilliten ved å gi noko ekstra tilbake til røtene sine. Det blir ei eiga jubileumsgåve på 175.000 kroner til eit godt formål i kvar av dei 24 kommunane.

Kven kan få jubileumsgåva?

Sparebanken Møre ønskjer hjelp til å finne fram gode prosjekt i dei 24 kommunane banken har kontor. Banken ber no om forslag på prosjektet som kan oppfyller krava til gåva.

*Det må vere eit prosjekt som vert gjennomført i nær framtid.

*Det må gå til eit prosjekt, ikkje til enkeltperson.

*Prosjektet må vere allmennyttig, kome mange til gode.

*Prosjektet må ha ein varig karakter, kan ikkje til dømes vere ein konsert. Vinnaren i kvar kommune blir offentleggjort i november/desember.

Sjå meir og informasjon om søknad på sbm.no/175. Søknadsfrist er 25. oktober.

Historia

Sparebanken Møre si historie starta på Kjelsund i 1843 med Herrøe og Røvde Sparebank. I 1985 gjekk 20 gamle og nyare sparebankar saman i Sparebanken Møre, mellom dei Stranda sparebank stifta 1848, Sunnylven sparebank stifta 1865, og Geiranger sparebank stifta 1866. Seinare har fleire sparebankar i heile Møre og Romsdal slutta seg til og er del av årets jubilant.

For meir informasjon, kontakt

Banksjef Kjell Martin Ringset, tlf. 482 59122, e-post: kjell.ringset@sbm.no

Banksjef Stig Tryggestad, tlf. 905 26121, e-post: stig.tryggestad@sbm.no

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380