Notiser

Konfirmert for 60 år sidan

For 60 år sidan vart desse konfirmert i Sunnylven kyrkje. Frå venstre Gunnvor Kleppe, født Sæter, Kjell Arne Helset, Ole Asbjørn Frøysa og Ivar Bjarne Tronstad. I midten sokneprest Stein Karstensen.

I Sunnylven kyrkje var det attersyn med konfirmantar frå 1958. Den gongen var dei 14, fem jenter og ni gutar, men i åra etter har tre gått bort.

Berre fire var til stades i kyrkja og 60-års markering søndag 21. oktober. Der gav sokneprest Stein Karstensen dei mikrofonen og kyrkjelyden fekk høyre litt frå deira konfirmanttid saman med sokneprest den gongen, Sigurd Haugen. Konfirmanttreffet skulle halde fram med sosialt samvær og bevertning.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380