Markerte Eldredagen 2018

Åresal og trekking av mange gevinstar er fast på Pensjonistlaget sine møter. Og salet går alltid godt unna.

Den 1. oktober vart Eldredagen 2018 markert av Sunnylven Pensjonistlag i kyrkjelydshuset med underhaldning, servering og åresal.

Etter fleire veker med regn og vind kom ein rett så fin haustdag måndag 1. oktober. Kanskje var det litt av grunnen til at berre ein firedel av medlemane i Sunnylven Pensjonistlag kom på markeringa av eldredagen.

På Sunnylven kyrkjelydshus var bord pynta og serveringa klar. Det var bollar med brunost, harding og kaffi.

Eige kjøkken

Leiar Astrid Langeland ønska alle vel møtt og minte om målsetjinga for eldredagen. Og ho utfordra medlemane om hjelp i lokale saker. –Eg oppmoda dokke om å arbeide med nebb og klør for å få eige kjøkken på Sunnylven omsorgssenter igjen, sa ho.

Eldredagen vart oppretta i 1990 av FN som vedtok eit eige program med fokuserer på eldre. I 2010 sette FN si generalforsamling ned ei arbeidsgruppe med tanke på å styrke vernet av denne gruppa sine menneskerettar. Eldre over 60 år er mange og vil vekse fram mot 2030. I dag utgjer denne gruppa 900 mill., men vil dei neste femten åra auke med ytterlegare ein halv million personar og bli større enn gruppa 15 – 24 år i antall.

Program

Det vart mest mat og prat på Kyrkjelydshuset denne gongen, men også med trivelege programinnslag. Inghild Storstein hadde leita fram og las tre bidrag, både med skjemt og alvor, og det vart mykje allsong som tona flott med Bjarne Sjåstad ved pianoet. Og sjølvsagt var det trekning av eit stort antall gevinstar etter åresal der pensjonistlaget sine nye forkle med store lommer vart tekne i bruk for fyrste gong under åresalet..

Leiar Astrid Langeland og styremedlem Håkon Hasle hadde mange gevinstar å dele ut.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380