Lokalnytt

Mykje regn og store elvar i Sunnylven

Glæra til venstre og Høgalmgrova i fjellet opp for Helset viste seg fram både vassrike og viltre laurdag

Over 50 millimeter nedbør vart registrert ved målestasjonen på Litlebø/Tryggestad laurdag 13. oktober. Det gav flaumstore elvar i Sunnylven.

Regn har det vore rikeleg av i haust både i september og oktober. Siste månad viser målingar ved verstasjonen ved Litlebø kraftverk i Langedalen heile 295.7 millimeter regn. For heile 2018 er det registrert 1947.2 millimeter fram til 13 oktober.

Dalaelva har vore vassrik og ved fleire høve har Hellesyltfossen synt seg mektig og kraftfull. Ei naturkraft som har vore populært syn for fotografering.

Også vassføringa i Bygdaelva har vore god frå sist i september. Det viser målestasjonen ved Øye. Vassføringa toppa seg 25. september med 102 kubikkmeter/sekundet. I oktober var det i tillegg til regn snøsmelting i fjella som førte til ny, stor vassføring. 8. oktober kom ein topp med 120 kubikkmeter/sek. og 13. oktober vart det registrert 115 kubikkmeter/sek. som max vassføring ved målestasjonen. Desse registreringane tilsvarar femårs flaum.

Deler av flatlandet i Sunnylvsbygda vart overfløymd for andre eller tredje gong denne hausten på laurdag 13. oktober.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380