NRK sin TV-innsamlingsaksjon 21. oktober
Årets TV-sendte innsamlingsaksjon går av stabelen 21. oktober og i år går inntektene til Kirkens Bymisjon.
Årets TV-innsamling er søndag 21. oktober. Då blir 2.3 million norske husstandar besøkt av 100.000 bøsseberarar for å gje si støtte til Kirkens Bymisjon sitt arbeid.
I Stranda kommune har kommunekomiteen for TV-aksjonen gjort unna planlegginga og er klare, seier Aud Tomasgard Berstad, leiar for Frivilligsentralen og medlem av komiteen. I tillegg til henne er ordførar Jan Ove Tryggestad og varaordførar Arild Ringdal med. Fylkesaksjonsleiar Marius Hammer har slutta og Linn Therese Sævik har teke over jobben.
Manglar bøsseberarar på Stranda
Aud Tomasgard Berstad seier at alle bygdelaga i kommunen er veldig klare med bøsseberarar. -Størst utfordring har vi på Stranda, der skulle vi hatt fleire. Det brukar å kome ein del personar og stille på som bøsseberarar på innsamlingsdagen, men vi skulle gjerne hatt dei på lista nokre dagar før slik at vi får dekka opp alle rodene, seier ho og fortel at I Sunnylven er det Hellesylt Ungdomslag som stiller på også i år.
Ikkje konsert
-Det er ikkje lagt opp til konsert denne gongen. Vi har kome rundt med konsertar i alle bygdelaga, så no var det Stranda som stod for tur igjen. Men på Storfjord kulturhus er det anna arrangement denne helga så då valgte vi å sløyfer konserten. Men vi håper å kome tilbake, å arrangere konsert med kulturskulen eit anna år.
-Innsamlinga i år går til Kirkens Bymisjon og målet må vere å slå innsamlingsbeløpet frå i fjor på 139.116.50 totalt. Av dette samla bøsseberarar inn 112.286.- kroner.
Takkar gode hjelparar
–Vi i komiteen er veldig takknemleg for at vi har så mange gode samarbeidspartnarar som tek på seg å gå rundt med bøsser og samle inn. Og det er flott av Sparebanken Møre som stiller på og gjer oppteljing og innrapportering på ein god og trygg måte, seier Aud Tomasgard Berstad.
Store summar innsamla
TV-aksjonen på NRK har lang tradisjon i det norske samfunnet, heilt sidan 1974 har bøsseberarar rundt om i Norges land besøkt husstandar, hjelparar under verdens største innsamling.
Mange millionar menneske har fått hjelp og eit betre liv på grunn av gjevargleda til det Norske folk i samband med NRK sin årlege TV-aksjonen. Siden oppstarten i 1974 har det norske folk bidrege med 7,5 milliarder kroner gjennom hjelpeorganisasjonar og andre gode formål.