Ny asfalt på fylkesvegen i Sunnylvsbygda

Onsdag 24. oktober får ei strekning av FV 80 i Sunnylvsbygda på ca. 3.0 km. nytt asfaltdekke. (Illustrasjonsfoto frå arkivet)

Statens Vegvesen melder at onsdag 24. oktober får FV 80 i Sunnylvsbygda ny asfalt på ei strekning mellom Hauge og Hole.

Asfalten på deler av fylkesvegen i Sunnylvsbygda har vore svært dårleg. Spesielt har eit parti mellom Myrebrua og Hole vore ille og skaka både folk og køyretøy.

Vegvesnet skriv at asfalteringsarbeidet startar 400 meter framom det nye betongrekkverket i Bergja ( truleg ved brua på Hole, red.merk.) og avsluttar 600 meter nedom krysset til Frøysa (ved Myrebrua, red.merk.).

Om det ikkje blir store endringar i veret og asfalteringa i Nibbedalen er ferdig, startar ny dekkelegging i Sunnylvsbygda frå morgonen onsdag 24. oktober og held fram til arbeidet er ferdig.

På dei trange partia av vegen kan det bli inntil to timar ventetid, men entreprenøren vil prøve å unngå alt for lange stopp for trafikantane, heiter det frå Statens Vegvesen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380