Lokalnytt

Ny straumkabel til juletreet

Tysdag 2. oktober vart det strekt ny straumkabel til juletreet på Svarthammaren av denne dugnadsgjengen. Godt alt som er ordna før snø og kulde kjem. (Foto: Privat)

Hellesylt skal bli «opplyst» når mørke kveldar kjem. Det er håp om lys i Hellesyltfossen og juletreet på Svarthammaren har fått ny straumtilførsel.

For nokre år sidan snakka mange om kor fint det hadde vore med eit juletre på Svarthammaren. Til advent 2012 lyste det for fyrste gong etter initiativ frå lokalpersonar og bedrifter. Og i åra etter har juletreet opp for Hellesylt sentrum lyst så flott både i regn, snø, vind og stille, heilt til i romjula i fjor. Då vart alt svart, den knappe 300 meter lange straumkabelen leverte ikkje, der var eit brot ein eller annan stad.

No er ny straumkabel på plass, strekt opp på dugnad, betalt av disponent Kristen Ringdal og kopla av elektrikar Per Ottar Alme. Juletreet på Svarthammaren er klart til advent og si sjuande julehøgtid.

Siste.

I kveld har det vore prøvetenning og «juletreet» lyste flott, som det skulle. Det er aktuelt å rydde litt kratt i området for at det skal vise godt, får vi opplyst.

Juletreet på Svarthammaren er ikkje eit bartre, men lyslenker strekte frå toppen av ei lita flaggstong. (Foto frå arkivet)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380