Orgelbyggjar fekk sjå og høyre tidlegare arbeid

Christhard Grummt var i Sunnylven kyrkje og fekk høyre tonar frå ein tidlegare orgeljobb. Her til venstre, saman med Gunnar Inge Eide og Steffen Hartmann.

Under gudstenesta søndag 21. oktober var to orgelbyggjarar frå Tyskland til stades. For 34 år sidan jobba Christhard Grummt med det nye flotte orgelet i Sunnylven kyrkje.

Til stades i Sunnylven kyrkje søndag var to orgelbyggjarar frå Tryskland. Christhard Grummt var med å laga pipene til orgelet som vart installert i Sunnylven kyrkje i 1984, fekk vi oss fortalt. Den 7. oktober det året vart det nye orgelet til 350.000.- kroner teke i bruk. Det var levert av Jemlich Orgelbau i Dresden. -Eit kunstverk av utsjånad og framifrå klang og kvalitet, var fagfolk sin dom den gongen.

Restaurerer orgel i Valldal

Dei to orgelbyggjarane Christhard Grummt og Steffen Hartmann er for tida i Valldal for å restaurere eit rundt 50 år gamle orgel i Sylte kyrkje. Søndag tok dei turen til Hellesylt saman med organist Gunnar Inge Eide for å sjå og høyre kyrkjeorgelet i Sunnylven. Vi trur Christhard Grummt var fornøgd med det han fekk høyre frå det han var med å laga i 84. I alle fall imponerte Gunnar Inge Eid med framifrå spel på instrumentet, ikkje minst i postludiet og «Lett dans» av ein tysk organist.

Det var få kyrkjegåarar til stades under gudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag. Der heldt sokneprest Stein Karstensen preika og Ann Kristin Langeland bar fram appell i høve innsamling til Kirkens Bymisjon. Rundt 2.500.- kroner kom inn. Under gudstenesta var det også vakker song av Kristin Storstein som framførte to songar til akkompagnement av Gunnar Inge Eide på piano.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380