Presenterte mobilapp for Hellesylt
Tysdag denne veka var det presentasjon av ein ny app med informasjon om Hellesylt og diktaren Henrik Ibsen si tilknyting til området.
Elevar ved Stranda vidaregåande skule har jobba med app-en frå tidleg i vår. Heilt ferdig er den ikkje enno, men fyrste utkast vart presentert på Peer Gynt galleriet tysdag 23. oktober. Mange interesserte møtte fram, mellom anna alle elevane frå ungdomssteget ved Sunnylven skule.
Støtta arbeidet med hoppid-middlar
Det var etter oppfordring frå kommunen og næringssjef Inge Bjørdal at prosjektet kom i gong. –Hellesylt har mykje å vise fram, men slit med informasjon og å få turistar til å stoppe, mellom anna her på Peer Gynt galleriet. Kommunen har støtta tiltaket økonomisk gjennom hoppid, og håper denne appen hjelper til å få gjere ting kjent og såleis auka besøk, sa Inge Bjørdal.
God informasjon
Arbeidet med den elektroniske «brosjyra» starta i vår og frå i haust har seks elevar jobba fram det fyrste utkastet. Elevane er Hanna Olin Muri, Goda Tkacenkaite, Julie Helena Aklestad, Tuva Korsnes, Sofie Sæbø og Malen Linge Valdal. Malen presenterte arbeidet på skjerm.
Det som vart vist var både flott og spanande. Sjølv den største turistbrosjyre kan neppe presentere turiststaden Hellesylt og området på ein betre måte. Her får ein informasjon om næringsliv, opplevingar og presentasjon av diktaren Henrik Ibsen som har spesiell tilknyting til området.
Ei lita veke på Hellesylt
Ibsen har fått sin plass etter som han besøkte Hellesylt i 1862 og samla inspirasjon til sitt fyrste store skrivarverk, boka Brand. Faglærar i internasjonalt engelsk ved Stranda vgs., Ole Bjørn Hjellegjerde fortalde litt kvifor Ibsen var med. Som ung student reiste han rundt i landet etter å ha fått eit stipend på knappe 200 spesidalar. Han kom til Hellesylt der han var i fem dagar, og her hadde han opplevingar og samla stoff som kom i boka Brand.
Også Peer Gynt galleriet har synlege bevis etter Ibsen gjennom kunstnaren Oddvin Parr sine skildringar frå Per Gynt gjennom unike treskurdrelieff.
Tekst på engelsk
I tillegg til Henrik Ibsen kan ein på app-en, som har tekst på engelsk kan ein lese om opplevinga rundt om i Sunnylven, attraksjonar, om store og små bedrifter, butikkar, campingplassar, om sykkelutleige, Sunnylven kyrkje, Peer Gynt galleriet, Villa Norangdal og mykje, mykje meir. Der er også kart med innteikna ruter. Kommentarane var svært positive, men enkelte antyda at det mangla litt omkring korte turruter ved Hellesylt sentrum, Alle kan kjøpe seg plass og fornye informasjonen om ein ønskjer det.
Utvidar informasjonstavla
Å få informert publikum og turistar slik dei får ta i bruk den mobile «guiden» vart også lufta på møtet. For cruiseturistar var det enklast å få utvida informasonstavla på cruisekaia med opplysningar om den nye app-en. Det ville truleg gå greitt, sa driftsleiar i Stranda Hamnevesen KF, Inge Hole.
-Vil gjerne ha dokke til Stranda
Rektor ved Stranda vidaregåande skule, Jon Hjortdal var også til stades under presentasjonen. På Hellesylt var det ikkje mangel på stoff til informasjon, sa han, men det var kan hende viktig å ikkje lage ein alt for informasjonsrik app, men meir mot dei som besøkte området berre få dagar. –Dette er spanande, sa Hjortdal og ønska alle lukke til. Rektoren gleda seg også til å møte elevane frå ungdomsskulen i Sunnylven igjen på Stranda vgs. –Vi vil gjerne ha dokke alle dit.
Elevane ved Stranda vidaregåande skule profilerer seg stadig i «ungt entreprenørskap» på positiv måte. Appen som blir endeleg landsert på nyttåret er eit nytt døme på godt arbeid og kultur i klasseromma på Stranda.